Økonor Sogn sitt selskapsnamn er Vik kontorteneste as, og vart etablert i 1989.
Vik kontorteneste sin opprinnelege forretningsidé var å vera ein samarbeidspartner for andre næringsdrivande i Vik og omegn når det gjeld alle slags kontortenester. Dette har gjennom åra utvikla seg til at det i dag er rekneskap, økonomistyring og tilhøyrande tenester som er hovedprodukta våre.
I 2009 kjøpte me Balestrand rekneskapskontor, som no er Økonor Sogn avd. Balestrand.Me er 5 autoriserte rekneskapsførarar og 4 rekneskapsmedarbeidarar som har lang erfaring og god kompetanse innan: • rekneskap og økonomistyring • bedriftsrådgjeving og bedriftsetablering • styrearbeid og forretningsførsel Målet vårt er Samarbeid for auka lønsemd.
Økonor Sogn er tilslutta Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening og har samarbeidsavtale med Norges Bondelag.
Me har gjennom åra opparbeidd oss mykje kunnskap og gode arbeidsmetodar for rekneskap og økonomistyringsrutinar. Kvalitetssikring og fleksibilitet er viktige nykkelord for oss.
Me er ein triveleg gjeng som trivst i jobben vår, - og i samarbeidet med kundane våre.Kom gjerne innom i Vikjatunet eller i Holmatunet for ein prat eller ta kontakt om aktuelle løysingar for di verksemd ved å klikka på epostlinken til høgre.
Siste nyheter fra Økonor Sogn
Vik kontorteneste as
Besøksadresse:Vikjatunet, 6893 Vik i SognPostadresse:Vikjatunet, 6893 Vik i Sogn
Avd. kontor BalestrandHolmatunet, 6899 Balestrand
Tilsette Økonor Sogn
Avd. VikÅslaug Stadheim EseDagleg leiar og aut. rekneskapsførarAnne EspelandAut. rekneskapsførarAnne Guri SeimAut. rekneskapsførarBjørg OvridRekneskapsmedarbeidarElse LilleørenRekneskapsmedarbeidarReidun OvridRekneskapsmedarbeidar
Avd. BalestrandAtle Johannes DaleAut. rekneskapsførarInger Kristin HellenesRekneskapsmedarbeidarLiv GravdalAut. rekneskapsførar